Kjøp klistermerke til ekstrasekk

Vil du at søppelbilen skal henta fleire sekkar med restavfall hjå deg?

Treng du å kasta litt ekstra restavfall ei gong, kan du kjøpa eit søppelmerke og klistra det på ein søppelsekk ved henting. Merka sekkar skal plasserast ved sida av restavfallsdunken på tømmedagen for restavfall. Umerka sekkar for restavfall, vil ikkje bli henta.

Det kostar 35 kroner per ekstrasekk, og kan kjøpast på to ulike måtar:

Vipps søppelet vekk

  • Søk opp Vippsnummer #528977.
  • Dersom du har fleire sekkar må du merka alle sekkane med unike nummer. For å få til dette må du kjøpa eitt og eitt merke.
  • Når du har betalt, vil du få opp ein ordre-id. Skriv ned tala på ein lapp og fest han på søppelsekken. Eit godt tips er å skriva med tusj på ein tjukk teip.

Kjøp ferdige klisterlappar

Du kan også kjøpa ferdige klister i servicetorget på Varhaug, gjenvinningsstasjonen på Nærbø, bensinstasjonen på Vigrestad eller bensinstasjonen på Ogna.