Kjøp klistermerke til ekstrasekk

Vil du at søppelbilen skal henta fleire sekkar med restavfall hjå deg?

Treng du å kasta litt ekstra restavfall ei gong, kan du kjøpa eit søppelmerke og klistra det på sekken ved henting. Merka sekkar skal plasserast ved sida av restavfallsdunken på tømedagen for restavfall. Umerka sekkar for restavfall, vil ikkje bli henta.

Det kostar 35 kroner per ekstrasekk, og kan kjøpast på to ulike måtar:

Vipps søppelet vekk

  • Du kan nå kjøpa søppelmerke med Vipps. Nummeret er 528977.
  • Dersom du har fleire sekkar må du merka alle sekkane med unike nummer. For å få til dette må du kjøpa eitt og eitt merke.
  • Når du har betalt, vil du få opp ein ordre-id med sju siffer. Skriv ned tala på ein lapp og fest han på søppelsekken. Eit godt tips er å skriva med tusj på ein tjukk teip.

 

Klikk for stort bilete 

Kjøp ferdige klisterlappar

Du kan også kjøpa ferdige klister i servicetorget på Varhaug, gjenvinningsstasjonen på Nærbø, bensinstasjonen på Vigrestad eller bensinstasjonen på Ogna.

Fann du det du leita etter?