Vass- og avløpsinstallasjonar

Sanitærabonnement er eit nasjonalt skjema utarbeida av Norsk Kommunalteknisk Forening og Rørleggerbedrifters Landsforening.

I VA-normen er det krav til dokumentasjon av arbeid på VA-leidningar.
Ferdig utfylt skjema sendast til teknisk@ha.kommune.no.

Krav til montering av tilbakeslagsventil

Vassinstallasjonar skal verte utført slik at tilbakestrømming eller inntrenging av ureine væsker, stoff eller gassar ikkje kan finne stad. Dette gjeld óg for tilbakesuging eller inntrenging av vatn frå andre vasskjelder. Det er difor eit krav til tilbakeslagsventil som tyder at:

I alle nye bygg skal det monterast tilbakeslagsventil på hovudinntaket for kommunalt vatn tilpassa til risikonivå for verksemda. Gjelder óg vanlege bustader. Dersom stikkleidningen for vatn ligg nær område med fare for forureining i grunnen (typisk nedgraven oljetank eller tilsvarande), skal tilbakeslagsventil vere plassert mellom potensiell forureiningskjelde og kommunal hovudleidning.

Ved utskifting av røyropplegg i eksisterande bygg, så som utskifting av eksisterande varmtvasstank m.m, skal samtidig tilpassa tilbakeslagsventil verte montert i alle eksisterande bygg som er tilkopla kommunalt vatn.

Ovannemnde krav skal følgjast opp av alle som gjennomfører vassinstallasjonar. Type sikringsutstyr godkjent i samsvar med væskekategori 2 skal nyttast som standard, men viss eigedommen har ein kombinasjon med vatn frå andre vasskjelder, skal væskekategori 4 nyttast. Det visast til NS-EN 1717 og VA Miljøblad 61. Montering av tilbakeslagsventil dokumenterast av installatør.

Hå kommune har krav til vassmålar og vassmålarkonsoll.