Biblioteket på Varhaug skule
Biblioteket er hjarta til skulen vår, og her er alle velkomne!
Lurer du på noko? Ring direkte på telefon: 90728450
Bilete utenfrå biblioteket. Inngang til venstre i biletet, 1. etg.Elevane på Varhaug skule nyttar biblioteket fast ein gong i veka. Her får dei presentert bøker, får låna bøker og får nytta området til lesing av bøker.
Biblioteket er og ope for alle andre, og du kan søka etter bøkene vi har på biblioteket ved å nytte websøket vårt. Du finn websøk i denne lenka.
Bilete av bøker og lesehytta i biblioteket.
Bilete av stadbygga arbeidsbord i biblioteket.
Karete Fosse er skulebibliotekar, og arbeidar saman med andre tilsette i Hå folkebibliotek.
Sist endra 19.04.2024 10.22