Bilete

Viltforvaltning

Skada og sjuke viltdyr

Meldes frå om til politiet på tlf 02800. Politiet sørger for vidare handsaming av saka med vegmyndighet og eventuell ettersøk.

Viltforvaltninga i kommunen ønskjer også melding i ettertid på tlf eller e-post om skada og sjuke viltdyr for registrering og rapportering.

Hjortedyrvald

Det er opna for jakt på elg, hjort og rådyr i Hå kommune. Minsteareal for felling av hjortedyr i Hå kommune er 500 daa for rådyr, 3000 daa for hjort og 12000 daa for elg. Området skal vere samanhengande og eigna for jakt.

Søknadsfrist for godkjenning av nytt vald er 15. mai. For endring av vald er søknadsfristen 1. april.

Det er utarbeida eit skjema for godkjenning av vald. På skjemaet står nødvendig informasjon om vald og utfylling av skjema. Legg ved eit kart saman med søknaden med innteikna yttergrenser for valdet, og eventuelle eigedomar som ikkje er med i valdet må merkast godt. Søknad med vedlegg skal sendast Hå kommune.

Anna jakt

For anna jakt på til dømes hare, rev, ender osv. må ein inngå avtale med aktuell grunneiger eller jaktrettshaver.

Jegerprøven

Alle som skal jakte må ha bestått jegerprøven. Den består av eit obligatorisk jegerprøvekurs og ein elektronisk jegerprøveeksamen. Ein må gjennomføre obligatorisk kurs hjå godkjent kurshaldar før ein kan ta eksamen i kommunen.

Etter du har registrert deg som kandidat og betalt eksamensavgift kan du melde deg på ei e-postliste som vil gi informasjon om aktuelle eksamensdatoar i Hå.

Felt merka med * må fyllast ut
Sist endra 16.05.2017

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?