Bilete

Trafikksikkerheit

Hå kommune prioriterer trafikksikkerhet høgt gjennom utbygging/forbetring av mellom anna vegkryss og nye strekningar med gang- og sykkelveg

Hå kommune utarbeidar årleg ein trafikksikkerheitsplan (eiga kapittel i økonomiplanen) som blir politisk behandla. Planen inneheld mellom anna prioriterte områder for utbygging av gang- og sykkelvegar.

Fylkestrafikksikkerheitsutvalet i Rogaland (FTU) tildelar kvart år trafikksikkerheitsmidlar (TS-midlar) etter søknad frå kommunane. Hå kommune søker kvart år om midlar med utgangspunkt i vedteke trafikksikkerheitsplan. Større kostbare prosjekt må kommunen løyve eigne midlar til eller søka samarbeid og eventuell delfinansiering med fylkeskommunen/Statens vegvesen.

Det er viktig å ha klar planar og grunnavtalar for prioriterte trafikksikringstiltak slik at ein kan byrje anleggsarbeid på kort varsel om tiltaket lar seg finansiera.

Hå kommune mottar kvart år mange søknader og ønske om trafikksikringstiltak frå vellag og privatpersonar. Kvar søknad kan ikkje innvilgast og må sjåast opp mot ledige midlar og heile trafikkbiletet. Fleire fartshumpar og gangfelt er ikkje alltid best løysing på problema. Ein må oppretthalda ein viss trafikkflyt og det er til dømes betydeleg motstand mot etablering av fleire fartshumpar. Det kan derfor vere lurt at vellag eller fleire innbyggjarane går saman om ein søknad. Aktuelle tiltak blir årleg prioritert og politisk behandla.

Klipp hekk og buskar

Klipp hekker og busker - Klikk for stort bilete

Husk å sørge for at hekk og busker blir klippet ned på din eigedom. Hovudregelen er at busker, gjerde, mur og hekker ikkje skal vere høgare enn 50 cm ved avkjørsel og kryss for å sikra nødvendig frisikt. Vi håpar du sjølv tar initiativ til dette og ta gjerne kontakt med kommunen dersom du treng meir informasjon. 

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?