Bilete

Toppbilde Vannmåler - Klikk for stort bilete Hermund

Vassmålar

Alle eigedommar som er tilknytte kommunal vass- og avløpsleidning, skal ha installert kommunal vassmålar.


vassmålar - Klikk for stort biletevassmålar

Du har sjølv ansvar for regelmessig kontroll av vassmålaren. Då kan eventuelle store utslag som følgje av feilmåling, feil avlesing, eller lekkasje, bli oppdaga så tidleg som mogleg. Hugs at vasslekkasje i huset blir registrert på telleverket som forbruk, og du må betala for det.

Avlesing

For at me skal kunna rekna ut årsgebyret ditt for vatn og/eller avløp, treng me å vita kor mykje vatn du har brukt det siste året. Det er derfor viktig at du les av, og leverer vassmålarstanden til oss nå snarast.

Me sender ut skjema for avlesing i desember kvart år. Du kan registrera målarstand på internett, eller senda inn svarkortet. Viss du registrerer på nett, får du oversikt over forbruket ditt dei fem siste åra.

Dei fleste målarane har 5 siffer som skal lesast av. Ikkje ta med raude tal, eller tal bak komma. Merk at kundenummer og brukarnamn er det same.

Video: Les av vassmålaren på internett:

Om du vil registrere forbruket på internett kan du sjå den korte videosnutten nedanfor:

Er du røyrleggjar?

I Hå kommune skal det installerast kommunal vassmålar i alle nye bustader med eige seksjonsnummer eller bruksnummer. Du må vera autorisert røyrleggjar for å installera, og vassmålar må hentast  på lageret på Bøvegen 16 (Pytten). Vassmålaren må plomberast ved montering.

 

Røyrleggjar må fylla ut rapportskjema og senda til kommunen snarast etter montering av ny, eller ved byte av vassmålar.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000
Tekniske saker og næring
Fann du det du leita etter?