Vass- og avløpsinstallasjonar

Utkast til nasjonale skjema for vass- og avløpsinstallasjonar er utarbeida av Norsk Kommunalteknisk Forening og Rørleggerbedrifters Landsforening.

10988917_1602073566681211_3864977336036498819_n.jpg - Klikk for stort bilete

I VA-normen er det krav til dokumentasjon av arbeid på VA-leidningar. Skjema finn du her.
Send skjema til teknisk@ha.kommune.no. Send óg inn ferdigmelding etter fullført arbeid.


Kommunale krav til vedlegg:

Sanitærabonnement

  • Berekningar og teikningar for fordrøyning

Frakobling av vass- og eller avløpsleidning

  • Bildedokumentasjon av frakoblingspunkt

Registrering av vassmålar

  • Bildedokumentasjon av installert vassmålar og tilbakeslagsventil

Ferdigmelding av arbeid på vass- og eller avløpsanlegg

  • Bildedokumentasjon av tilkoblingspunkt til kommunalt nett, trasé og leidningspunkt

  • SOSI-fil om den finst, i tillegg til koordinatbestemt leidningskart

 

 

Krav til montering av tilbakeslagsventil

Vassinstallasjonar skal verte utført slik at tilbakestrømming eller inntrenging av ureine væsker, stoff eller gassar ikkje kan finne stad. Dette gjeld óg for tilbakesuging eller inntrenging av vatn frå andre vasskjelder. Det er difor eit krav til tilbakeslagsventil som tyder at:

I alle nye bygg skal det monterast tilbakeslagsventil på hovudinntaket for kommunalt vatn tilpassa til risikonivå for verksemda. Gjelder óg vanlege bustader. Dersom stikkleidningen for vatn ligg nær område med fare for forureining i grunnen (typisk nedgraven oljetank eller tilsvarande), skal tilbakeslagsventil vere plassert mellom potensiell forureiningskjelde og kommunal hovudleidning.

Ved utskifting av røyropplegg i eksisterande bygg, så som utskifting av eksisterande varmtvasstank m.m, skal samtidig tilpassa tilbakeslagsventil verte montert i alle eksisterande bygg som er tilkopla kommunalt vatn.

Ovannemnde krav skal følgjast opp av alle som gjennomfører vassinstallasjonar. Type sikringsutstyr godkjent i samsvar med væskekategori 2 skal nyttast som standard, men viss eigedommen har ein kombinasjon med vatn frå andre vasskjelder, skal væskekategori 4 nyttast. Det visast til standard EN 1717 og VA Miljøblad 61. Montering av tilbakeslagsventil dokumenterast av installatør.

Hå kommune minner óg om krav til vassmålar og vassmålarkonsoll.

Fann du det du leita etter?