Bilete

Toppbilde avløp - Klikk for stort bilete

Avløp

Det kommunale leidningsnettet for avløp er om lag 377 km. Oppgradering av overvassnettet vil krevje vesentlege ressursar i åra framover

Fordrøying av overflatevatn er i dag meir aktuelt enn nokon gong. Større nedbørsmengder og fleire tette flater gjer det vanskeleg å handtere den auka vassmengda for kommunale leidningar. For å halde avløpsavgiftene nede, er det viktig å skilje overvatn frå spillvatn.

Legging av leidning for drenering og takvatn

Alle bygg i kommunen skal ha separate leidningar for drenering og takvatn. Ein drensleidning og ein tett leidning for takvatn. Alle røyrleggjarar må gjennomføre denne praksisen.

Utslepp frå mindre avløpsanlegg

Kommunane i Aksjon Jærvassdrag er Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Dei har utarbeida felles lokal forskrift for utslepp av sanitært avløpsvatn. Denne gjeld for mindre enn 50 pe (personekvivalentar), frå bustader, hytter, turistanlegg og liknande.

Septiktank

Abonnentar som ikkje er knyta til kommunalt avløpsnett, men med septiktank, vil få sin septiktank tømt annakvart år. Entreprenør som tømer på oppdrag frå kommunen sender ut varsel og infoskriv på førehand.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?