Matavfallsposar, ekstrasekkar og søppelmerke

Matavfallsposar og sekkar for plastavfall vert utlevert før jul kvart år. Om du går tom for posar, kan du henta nye i Servicetorget på rådhuset eller i Pytten.

Om du vil at søppelbilen skal henta fleire sekkar med restavfall hjå deg, kan du kjøpa eit merke og klistra det på søppelsekken ved henting. Søppelmerka kostar 20 kroner, og kan kjøpast i servicetorget på Varhaug, gjenvinningsstasjonen på Nærbø, bensinstasjonen på Vigrestad eller bensinstasjonen på Ogna. Om du merkar ein sekk, skal han plasserast ved sida av restavfallsdunken på tømedagen for restavfall. Umerka sekkar for restavfall, vil ikkje bli henta.

Fann du det du leita etter?