Bilete

0622 - Klikk for stort bilete

Levering av avfall

Hå kommune har ein betjent gjenvinningsstasjon (Pytten) i Bøvegen 16, på Nærbø. I tillegg er det sjølvbetjente stasjonar for klede, glass- og metallemballasje fleire stadar i kommunen.

Pytten er eit tilbod til innbyggjarane i kommunen. Avfallet skal vera sortert før du kjem, og du betalar berre for restavfall. Det kostar 50 kroner per sekk med restavfall, og du kan betala med både kontantar, kort og vipps.

Gjenvinningsstasjonen tek ikkje imot næringsavfall. Det finst det eigne private ordningar for.

Dette kan du levera i Pytten:

  • Glassemballasje
  • Metallemballasje
  • Plastemballasje
  • Hageavfall
  • Isopor
  • Tekstilar
  • Farleg avfall
  • Impregnert trevirke
  • EE-avfall
  • Vindauge
  • Kvitevarer
  • Restavfall
  • Gipsavfall
  • revirke
  • Isolasjon som Glava/Rockwoll
  • Keramikk
  • Fliser

Vurder alltid om det du ønsker å kasta, kan leverast til gjenbruk.

Dette kan du IKKJE kasta i Pytten

Asbest

asbest - Klikk for stort bilete Du kan levera asbest til gjenvinningsstasjonane på Sele og Forus. All asbest må vera heilt innpakka i plast og godt teipa, slik at det ikkje kan koma væte til.  For private kundar er det gratis å levera asbest. Næringskundar kan ikkje levera asbest på gjenvinningsstasjonane, men må levera det direkte til DIM i Egersund, Svåheia Avfallsplas tlf. 51 46 25 00.

Ammunisjon, eksplosiv, fyrverkeri og liknande

Lever dette til politiet eller forhandlar.

Medisinrestar

Dette er risikoavfall, og skal leverast til apotek. Anna medisinsk restavfall kan leverast til apotek, sjukehus eller gjenvinningsstasjon etter avtale.

Daude kjæledyr

Lever til veterinær eller til Gjesdal dyrekrematorium.

Fritidsbåtar

Båtar under 15 fot, kan leverast kostnadsfritt på IVAR sine gjenvinningsstasjonar. Båtar under 3 tonn kan også leverast kosnadsfritt direkte til Ecofiber i Jåttåvågen. Her kan du også bestilla henting ved å ringa 480 23 602.

 

Bildekk

Vi tar ikke mot dekk til noen kjøretøy.

 

 

Miljøstasjonar med sjølvbetjening

miljøstasjon - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Opningstider

Måndag - fredag kl. 07:30 - 15:00.
Laurdag kl 10:00 - 13:00 i perioden 1. april - 31. oktober (med unntak av juli).
Torsdag kl 07:30 - 18:00 i perioden 1. april - 31. oktober (med unntak av juli).
Laurdag kl 10:00 - 13:00 i partalsveker 1. november - 31. mars.


I juli er gjenvinningsstasjonen open kl 07:30 - 15:00 på kvardagar.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00

Kartpunkt

Kart

Fann du det du leita etter?