Kjøp klistermerke til ekstrasekk

Vil du at søppelbilen skal henta fleire sekkar med restavfall hjå deg?

Dersom du ikkje får plass til alt restavfallet ditt i dunken, kan du kjøpa eit søppelmerke og klistra det på sekken ved henting. Merka sekkar skal plasserast ved sida av restavfallsdunken på tømedagen for restavfall. Umerka sekkar for restavfall, vil ikkje bli henta.

Det kostar 20 kroner per ekstrasekk, og kan kjøpast på to ulike måtar:

Vipps søppelet vekk

  • Du kan nå kjøpa søppelmerke med Vipps. Nummeret er 528977.
  • Når du har betalt, vil du få opp ein ordre-id med sju siffer.
  • Skriv ned tala på ein lapp og fest han på søppelsekken.
    Eit godt tips er å skriva med tusj på ein tjukk teip.

Vipps - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjøp ferdige klisterlappar

Du kan også kjøpa ferdige klister i servicetorget på Varhaug, gjenvinningsstasjonen på Nærbø, bensinstasjonen på Vigrestad eller bensinstasjonen på Ogna.

Fann du det du leita etter?