Henting av avfall

På denne sida kan du bestilla og endra størrelse på avfallsdunkar. For å gjera dette, må du vera eigar av eigedommen. Er du ikkje det, ta kontakt med huseigar.

Standardløysing for henting av avfall i Hå kommune, inneber at abonnentane får utdelt fire dunkar:

  • Dunk med grått lokk for restavfall på 140 liter
  • Dunk med blått lokk for plast på 140 liter
  • Dunk med brunt lokk for våtorganisk avfall på 140 liter
  • Dunk med grønt lokk for papir på 240 liter 

Alle dunkane blir tømt ein gong i månaden utan om våtorganisk dunk. Denne blir tømt kvar 14. dag. Sjekk tømmekalenderen for å sjå når det er tøming av dei ulike dunkane hjå deg. 

På tømmedagen skal dunkane plasserast ved kanten av kjørbar veg, eller ved ein open port seinast klokka 06.00. Om det er vanskeleg for deg å setta fram dunken, kan du bestilla hjelp til dette.

 

dunkar30 - Klikk for stort bilete

pris_storedunkar - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Prisar

Standardsett

Restavfall (140 liter)
Papir (240 liter)
Våtorganisk (140 liter)
Plast (140 liter)

2475 kroner per år
 
Utvida standardsett
(Større restavfallsdunk)

Restavfall (240 liter)
Papir (240 liter)
Våtorganisk (140 liter)
Plast (140 liter)

3359 kroner per år
 
Stort sett Restavfall (660 liter)
Papir (660 liter)
Våtorganisk (240 liter)
Plast (660 liter)
7071 kroner per år
 
Ekstra papirdunk 240 liter 313 kroner per år
 
Bleiedunk 140 liter

Ingen årlege
gebyr, men
250 kroner
for frakt.

Kompostbinge

Ingen årlege gebyr, men 250 kroner for frakt. Viss du vil ha kompost i staden for abonnement på våtorganisk søppeldunk, får du eit fråtrekk på
renovasjonsrekninga på 742 kroner i året.

Hentetillegg

Er det vanskeleg for deg å setja fram dunken? Ved å betala 800 kroner per år, trillar me dunken fram til vegen for deg. Denne prisen gjeld for alle fire dunkane inntil 25 meter. Om me må trilla dunken lenger enn 25 meter, kostar det 19 kroner for kvar påbyrja ti meter. 

Nedgravde konteinarar Om du bur ein plass med nedgravde konteinarar, betalar du 2475 kroner i renovasjon kvart år.
  Alle prisar er inkludert moms.

 

Endra størrelse på dunkar

 

Kva kostar det?

  • Om du skal endra størrelse på avfallsdunkane, vil det kosta 250 kroner for henting av den gamle dunken. (NB! Denne må vera tom og reingjort)

  • Å endra størrelse eller tal på dunkar påverkar renovasjonsgebyret. 

Her kan du endra størrelse på dunkar.

 

Matavfallsposar, ekstrasekkar og søppelmerke

Matavfallsposar og sekkar for plastavfall vert utlevert før jul kvart år. Om du går tom for posar, kan du henta nye i servicetorget på rådhuset eller i Pytten.

Om du vil at søppelbilen skal henta fleire sekkar med restavfall hjå deg, kan du kjøpa eit merke og klistra det på søppelsekken ved henting. Søppelmerka kostar 20 kroner, og kan kjøpast i servicetorget på Varhaug, gjenvinningsstasjonen på Nærbø, bensinstasjonen på Vigrestad eller bensinstasjonen på Ogna. Merka sekkar skal plasserast ved sida av restavfallsdunken på tømedagen for restavfall. Umerka sekkar for restavfall, vil ikkje bli henta.

 

Meld frå om øydelagt eller forsvunnen dunk

 

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å fiksa eller erstatta øydelagt/forsvunnen dunk.

Kva skjer med den øydelagte dunken?

Om det går an å fiksa dunken, blir han fiksa på plassen. Viss dunken må erstattast, tek me med oss den gamle dunken.

Her kan du melda frå om dunken er øydelagt eller er vekke.

 

Treng du bleiedunk?

Abonnentar med bleiebehov kan kjøpa ein eigen dunk for dette. Det er ingen årlege avgifter, men du betalar eit eingongsbeløp ved innkjøp på 250 kroner. Bleiedunken blir tømt samstundes med restavfall. Dunken må ikkje brukast til vanleg restavfall, sjølv om innhaldet blir blanda i søppelbil og mottak.

Her kan du bestilla bleiedunk.

 

Vil du ha kompostbinge?

Heimekompostering fører til mindre avfallstransport. Er du innbyggar i Hå, treng du ikkje betala noko for kompostbingen, utanom eingongsbeløpet på 250 kroner i frakt.

Bur du utanfor Hå kommune, kan du kjøpa kompostbinge for 625 kroner. Ring 51793090 for meir info. 

Viss du vil ha kompost i staden for abonnement på våtorganisk søppeldunk, får du eit fråtrekk på renovasjonsrekninga på 742 kroner i året.

Her kan du bestilla kompostbinge.

kompostdunk - Klikk for stort bilete

Vil du dela avfallsdunkar med andre?

Det kan vera billigare å dela avfallsdunkar med andre. Dersom du vil dela eit sett med avfallsdunkar med ein eller flerie, kan du nytta dette skjemaet.

 

Bestill nytt abonnement?

Har du ikkje dunkar, kan du bestilla nytt abonnement i dette skjemaet.

 

Er det vanskeleg for deg å setja fram dunken?

Ved å betala 800 kroner per år, trillar me dunken fram til vegen for deg. Denne prisen gjeld for alle fire dunkane inntil 25 meter. Om me må trilla dunken lenger enn 25 meter, kostar det 19 kroner for kvar påbyrja ti meter. 

 

Nedgravde avfallskonteinarar

Kommunene ønsker i størst mulig grad å bruka nedgravde avfallskonteinarar som avfallssystem der forholda ligg til rette for det. Du kan lesa meir om nedgravde konteinarar på nettsida underbakken.no.

Slik bruker du dei nedgravde kontainarane:

Hugs å halda det reint og ryddig rundt avfallsstasjonane. Sett aldri avfall ved sida av kontainarane. Dersom ein kontainer er full eller blokkert, tek du med deg avfallet igjen og kontaktar Servicetorget på telefon 51 79 30 00.

Treng du ny nøkkelbrikke?

  • Om du har mista/øydelagt brikken din, kontaktar du leiaren av sameiget ditt.
  • Om du er sameigeleiar og treng nye brikker, kontaktar du Servicetorget.  

nedgravde - Klikk for stort bilete

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Brødrene Håland as
Renovatør
Mobil: 455 05 512
Fann du det du leita etter?