Henting av avfall

På denne sida kan du bestilla og endra størrelse på avfallsdunkar. For å gjera dette, må du vera eigar av eigedommen. Er du ikkje det, ta kontakt med huseigar.

Standard løysing for henting av avfall i Hå kommune, inneber at abonnentane får utdelt dunk for restavfall på 140 liter, dunk for papir på 240 liter, dunk for våtorganisk avfall på 140 liter og dunk for plast på 140 liter.


Prisar

Standard sett

Restavfall (140 liter)
Papir (240 liter)
Våtorganisk (140 liter)
Plast (140 liter)

1.980 kroner per år
(eks. mva)
Utvida standardsett
(Større restavfallsdunk)

Restavfall (240 liter)
Papir (240 liter)
Våtorganisk (140 liter)
Plast (140 liter)

2.687 kroner per år
(eks. mva)
Stort sett Restavfall (660 liter)
Papir (660 liter)
Våtorganisk (240 liter)
Plast (660 liter)
5.657 kroner per år
(eks. mva)
Ekstra papirdunk 240 liter 250 kroner per år
(eks. mva)
Bleiedunk 140 liter

Ingen årlege
gebyr, men
250 kroner
for frakt.

Kompostbinge

Ingen årlege gebyr, men 250 kroner for frakt. Viss du vil ha kompost i staden for abonnement på våtorganisk søppeldunk, får du eit fråtrekk på
renovasjonsrekninga på 594 kroner i året.

 

Endra størrelse på dunkar

 

Kva kostar det?

  • Om du skal endra størrelse på avfallsdunkane, vil det kosta 250 kroner for henting av den gamle dunken. (NB! Denne må vera tom og reingjort)

  • Å endra størrelse eller tal på dunkar påverkar renovasjonsgebyret. Her er full prisliste.

Her kan du endra størrelse på dunkar.

 

Meld frå om øydelagt eller forsvunnen dunk

 

Kva kostar det?

Det koster ingenting å fiksa eller erstatta øydelagt/forsvunnen dunk.

Kva skjer med den øydelagte dunken?

Om det går an å fiksa dunken, blir han fiksa på plassen. Viss dunken må erstattast, tek me med oss den gamle dunken.

Her kan du melda frå om dunken er øydelagt eller er vekke.

 

Treng du bleiedunk?

Abonnentar med bleiebehov kan kjøpa ein eigen dunk for dette. Det er ingen årlege avgifter, men du betalar eit eingongsbeløp ved innkjøp på 250 kroner. Bleiedunken blir tømt samstundes med restavfall. Dunken må ikkje brukast til vanleg restavfall, sjølv om innhaldet blir blanda i søppelbil og mottak.

Her kan du bestilla bleiedunk.

 

Vil du ha kompostbinge?

Heimekompostering fører til mindre avfallstransport. Er du innbyggar i Hå, treng du ikkje betala noko for kompostbingen, utanom eingongsbeløpet på 250 kroner i frakt.

Bur du utanfor Hå kommune, kan du kjøpa kompostbinge for 500 kroner. Ring 51793090 for meir info. 

Viss du vil ha kompost i staden for abonnement på våtorganisk søppeldunk, får du eit fråtrekk på renovasjonsrekninga på 594 kroner i året.

Her kan du bestilla kompostbinge.

 

Vil du dela avfallsdunkar med andre?

Dersom du vil dela eit sett med avfallsdunkar med ein eller flerie, kan du nytta dette skjemaet.

 

Bestilla nytt abonnement?

Har du ikkje renovasjonstenester, kan du bestilla nytt abonnement i dette skjemaet.

 

Fann du det du leita etter?