Bilete

Renovasjon

Renovasjonen i Hå kommune er innretta for å løysa dagens, og nye krav til avfallshandtering for privat hushald.

Det vert heile tida arbeidd med å få til eit system for avfall som er tilpassa dei lokale forholda i kommunen. Målet er at mest mogleg avfall blir kjeldesortert og gjenvunne. Tømmekalenderen (PDF, 2 MB) som vert utgitt årleg, inneheld mykje tips og informasjon om korleis ein kan sortera og levera avfallet. Ein kan også søke info om sortering på sortere.no .

Søppeldunkar

Hå kommune har ei henteordning for privat hushalds- og hytterenovasjon. Eit standardsett med dunkar for privat hushaldsrenovasjon inneheld 140 liter restavfallsdunk, 140 liter plastavfallsdunk, 140 liter våtorganisk avfallsdunk og 240 liter papiravfallsdunk. Drift av gjenvinningsstasjonar betalast av innbyggjarane i kommunen gjennom årleg renovasjonsavgift og er derfor eit tilbod for privat hushald i kommunen.

Abonnentar med bleiebehov kan kjøpa ein eigen dunk for dette. Ingen årlege avgifter, men ein betalar eit eingongsbeløp ved innkjøp (200 kroner + mva). Bleiedunken blir tømt samstundes med restavfall. Den må ikkje brukast til vanleg restavfall sjølv om innhaldet blir blanda i søppelbil og mottak.

Søppelmerke

Om du vil at søppelbilen skal henta fleire sekkar med restavfall hjå deg, kan du festa eit søppelmerke på søppelsekken. Desse klistermerka kostar 20 kroner, og kan kjøpast i servicetorget på Varhaug, Pytten på Nærbø, bensinstasjonen på Vigrestad eller bensinstasjonen på Ogna.

Du kan også få merka levert heim i posten ved å bestilla med mCash. Bruk mobilen din til å scanna QR-koden i bildet under. Du vil då koma til butikken vår. Merkene kostar 20 kroner, og du betalar 13 kroner i porto.

mCash - Klikk for stort bilete

 

For informasjon om gjenvinningsstasjonane og opningstider til Pytten, sjå eigen artikkel.

For bestilling og endring av abonnement, nytt dette skjemaet.

For eventuelle avvik kan du melda frå om det her. Har du andre spørsmål til renovasjon, kan du kontakta servicetorget

Sist endra 19.04.2017

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
RenoNorden Renovatør
Mobil: 455 05 512
Fann du det du leita etter?