Informasjon om Nærbøparken

Nærbøparken er ein fuglepark som ligg omtrent midt i Nærbø. Den er alltid open for folk som ynskjer eit lite avbrekk frå den hektiske kvardagen. I tillegg til fuglar har parken og treningsapparat for den som ynskjer litt meir enn å berre slappe av. Dette er ein plass du bør ta turen innom dersom du ikkje har vore der før.

Parken er alltid open.

Tidleg på 1900 - talet låg det ein klokkargard her som parken er i dag. Det var ein lærar som var klokkar på Nærbø i den tida. Så vart det bestemt at klokkaren ikkje skulle bu på gard, og klokkargarden blei derfor nedlagt i byrjinga av 1930. Sjølve arbeidet med å opparbeida parken starta i 1935-36.

Grunnleggjaren av Nærbø-parken, Randulf Aadnesen (1894-1989), fekk kjøpa eit område av Hå kommune, for 50 kr. målet. Området var ei stor myr, ikkje noko vatn, og ikkje eit einaste tre. I utgangspunktet ville Nærbø kommune bruke heile området til bygging av bustader. Ingen andre hadde tru på ideen om ein park her, men Randulf gjekk på med stor glød.

I 1937 fekk Randulf Aadnesen hjelp av lærarar og elevar til å plante dei første trea i Parken. Trea fekk han frå skogselskapet. Det vil seie at dei eldste trea er over 65 år. Arbeidet med å leggja til rette for eit vatn tok til før 2. verdskrig. Dei brukte spade og hjulbåre for å køyre massen vekk, men dette var tungt og kostbart og vart avslutta før krigen starta.

Under krigen var det stor naud på brensel. Ein sette då i gang med maskinell torvskjering i stor stil. Dei brukte 4 år på arbeidet. Dette ga god brensel til folk under krigen, og samstundes fekk parken inntekter. Kantane på den utgravne myra vart steinsette og parken hadde fått eit lite vatn som fuglane kunne vera i.

Like innanfor hovudporten, til høgre ligg det ei gravrøys frå eldre tider. Under krigen grov tyskarane denne opp, og sette ei kanonstilling der.

Fleire fuglar fekk etterkvart sin bustad i parken. Svaner, påfuglar, ender, høns og gjæser vart faste bebuarar, men også ville fuglar kom til. Fisk var det og her, men den vart fiska opp, eller bare forsvann på grunn av dei økologiske tilhøva i vatnet.

Sidan 1977 er det Hå kommune som har drifta parken, og har freista vidareføre kultiveringsarbeidet. Randulf Aadnesen var kvar dag å sjå i parken, like til sin bortgang i 1989. Då var han 94 år gamal.

Parken står i dag fram som ein oase i Nærbø sentrum, og den har mange besøkjande frå nærområdet heile året. Andre tilreisande frå heile Rogaland besøkjer og parken.

Sivilarkitekt Per Line, laga i 1996 teikningane til det nye huset i parken. Dette vart bygd og opna sommaren 2005.

"Per Line er blitt en av våre nasjonalt skattede arkitekter, og med dette lille huset i Nærbøparken har regionen fått enda en attraksjon, og enda et rom for fellesskap signert Per Line". (Gro Person i sin opningstale av huset i 2005)

Huset i Nærbøparken skal nyttast til utstillingslokale, og til pedagogisk arbeid i skulen. Huset kan leigast ut til private arrangement, og til lag og foreiningar som ønskjer det. 

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?