Viktig melding

Lukk meldinga

Nærbøparken

Nærbøparken ligg som ein oase i Nærbø sentrum, og har mange besøkande frå både nærområdet og heile Rogaland heile året. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Huset i parken: Open kafé, digihjelp og toalett

Det er open kafé og digihjelp i huset i parken stort sett alle kvardagar frå klokka 10:00-13:00. 

  • Kafé: Parkens venner, som er frivillige i kommunen, driftar kafeen. Dei sel kaffi, te, juice, kjeks og vaflar. Når flaget heng ute er kafeen open. Då går det også an å bruka toalettet i huset. 
  • Digihjelp: Når huset er ope, er Chris Søyland på plass for å hjelpa til med data, nettbrett eller mobil for dei som ønsker hjelp/ opplæring.
Fugleparken: Kvifor er det ikkje påfuglar i parken nå?

Nærbøparken, også kjent som fugleparken, har ei lang historie. Parken viden kjent for dei karakteristiske påfuglane. Sidan fugleinfluensaen hausten 2020, har det ikkje vore mogleg å ha tamfuglar i parken. Påfuglane er borte, og mange sørger over det.

 

Det blir nå stilt strenge krav til alle som har tamfuglar på grunn av stadig nye utbrot av fugleinfluensa i Norge. Dersom kommunen skulle halde fram med påfuglar i parken, måtte parken byggast om, hatt anna bemanning, sikkerheitstiltak, smittevernplan og andre beredskapsplanar slik som bønder, næringsdrivande og dyreparkar og andre som har tamfuglar må.

 

Mattilsynet følger med på parken og har sagt at dei vil vurdera ulike pålegg dersom kommunen innfører tamfuglar igjen. Fjørfenæringa vil også vera kritisk om kommunen vurderte å innføra tamfuglar igjen.

 

Les meir om kvifor det ikkje er påfuglar i parken i orienteringssaka som var oppe i utval for teknisk og næring her. 

Planar og idèar for videreutvikling av parken

Nærbøparken er dominert av skog som består av sitkagran. Denne trearten er ein uønska frammand art. Trebestanden begynner også å bli gamal og klar for å skiftast ut med ny tre- og buskvegetasjon. For at parken ikke skal bli for open skjer dette trinnvis. Mykje skog er allereie fjerna i ytterkantane av parken.

Sjå heile planen for parken her  (PDF, 7 MB)

Historie

Tidleg på 1900 - talet låg det ein klokkargard der som parken er i dag. Det var ein lærar som var klokkar på Nærbø i den tida. Så vart det bestemt at klokkaren ikkje skulle bu på gard, og klokkargarden blei derfor nedlagt i byrjinga av 1930. Sjølve arbeidet med å opparbeida parken starta i 1935-36.

Grunnleggjaren av Nærbø-parken, Randulf Aadnesen (1894-1989), fekk kjøpa eit område av Hå kommune, for 50 kr. målet. Området var ei stor myr, ikkje noko vatn, og ikkje eit einaste tre. I utgangspunktet ville Nærbø kommune bruke heile området til bygging av bustader. Ingen andre hadde tru på ideen om ein park her, men Randulf gjekk på med stor glød.

I 1937 fekk Randulf Aadnesen hjelp av lærarar og elevar til å plante dei første trea i Parken. Trea fekk han frå skogselskapet. Det vil seie at dei eldste trea er over 65 år. Arbeidet med å leggja til rette for eit vatn tok til før 2. verdskrig. Dei brukte spade og hjulbåre for å køyre massen vekk, men dette var tungt og kostbart og vart avslutta før krigen starta.

Under krigen var det stor naud på brensel. Ein sette då i gang med maskinell torvskjering i stor stil. Dei brukte 4 år på arbeidet. Dette ga god brensel til folk under krigen, og samstundes fekk parken inntekter. Kantane på den utgravne myra vart steinsette og parken hadde fått eit lite vatn som fuglane kunne vera i.

Like innanfor hovudporten, til høgre, ligg det ei gravrøys frå eldre tider. Under krigen grov tyskarane denne opp, og sette ei kanonstilling der.

Fugleliv

Fleire fuglar fekk etterkvart sin bustad i parken. Svaner, påfuglar, ender, høns og gjæser vart faste bebuarar, men også ville fuglar kom til. Fisk var det og her, men den vart fiska opp, eller bare forsvann på grunn av dei økologiske tilhøva i vatnet.

Sidan 1977 er det Hå kommune som har drifta parken, og har freista vidareføre kultiveringsarbeidet.

Randulf Aadnesen var kvar dag å sjå i parken, like til sin bortgang i 1989. Då var han 94 år gamal.

Parken står i dag fram som ein oase i Nærbø sentrum, og den har mange besøkjande frå nærområdet heile året. Andre tilreisande frå heile Rogaland besøkjer og parken.

Huset i parken

Sivilarkitekt Per Line, laga i 1996 teikningane til det nye huset i parken. Dette vart bygd og opna sommaren 2005. Huset i Nærbøparken skal nyttast til utstillingslokale, og til pedagogisk arbeid i skulen. Huset kan leigast ut til private arrangement, og til lag og foreiningar som ønskjer det. 


"Per Line er blitt en av våre nasjonalt skattede arkitekter, og med dette lille huset i Nærbøparken har regionen fått enda en attraksjon, og enda et rom for fellesskap signert Per Line".

(Gro Person i sin opningstale av huset i 2005)

 


Oppdateringar frå parken: Følg Nærbøparken på Facebook

Kartpunkt