Viktig melding

Lukk meldinga

Godt nytt Hå - følg fyrverkerireglane

Følg fyrverkerireglane for ei sikker og skadefri nyttårsaftan.

Nyttårsraketter - Klikk for stort bilete

For ei best mogleg feiring av det nye året er det nokre viktige ting å hugsa på:

  • Det er forbudt å la barn under 18 år skyta opp fyrverkeri.
  • Bruk vernebriller, også barn og skodelystne bør beskytta seg med briller.
  • Skyt opp privat fyrverkeri på trygg avstand frå andre menneske, bilar og bygningar.
  • Rakettar med styrepinnar er forbode alle stader.
  • Privatpersonar kan ikkje innføra fyrverkeri frå utlandet.

Her finn du fyrverkerireglane

Her er meir informasjon om korleis du kan bruka fyrverkeri trygt 

Med ønske om ei god og trygg nyttårsfeiring!

Søknad om å selja fyrverkeri

Løyve til å drive handel med fyrverkeri vert gitt etter søknad 

Søknaden må vere sendt til brannvesenet innan 30. april for inneverande år.

Det er berre lov å bruke fyrverkeriet nyttårsaftan frå kl. 18:00 til kl. 02:00.

Innlevering av ubrukt fyrverkeri

Brannvesenet tek ikkje i mot fyrverkeri. Forhandleren du kjøpte fyrverkeri av, er pliktig til å ta i mot fyrverkeri du måtte ha til overs. 

Ubrukt fyrverkeri kan ikkje leverast i pytten (gjenvinningsstasjon). Gjennom IVAR IKS kan innbyggjarane i Hå levera dette til gjenvinningsstasjonane på Forus og Sele.