Bilete

Har du fått varsel om feiing?

Følgjande må vere klart før feiaren kjem:

  • Omnar, peisspjeld og luker i samband med eldstadar må vere lukka.
  • Ein fast takstige med sikker festing må vere montert dersom feiaren skal feie frå taket.
  • Ein stige som kjem minst ein meter over takrenna skal ligge framme lett tilgjengeleg. Av omsyn til leikande born må stigen ligge, så feiaren kan sette han opp sjølv.
  • Feieluka må vere lett tilgjengeleg. Sett fram eldfast spann så feiaren kan fjerne sot.
  • Ein bør dekke til teppe og liknande frå kjellardøra til feieluka, for å hindre at dei verte smussa til.
  • NB! Feiing vert ikkje utført dersom ikkje stigematriell er i forskriftsmessig stand.

 

Atterhald om finvêr

Dersom vêret ikkje tillèt feiing, vil det verte utført første godvêrsdagen.
Sist endra 17.02.2017

Kontakt

Feiar Hå brannvesen
Telefon: 51 43 76 40
Mobil: 415 32 680
Fann du det du leita etter?