Bilete

Feiing og tilsyn

Førebyggande avdeling utfører førebyggande verksemd gjennom informasjon, tilsyn og feiing. Avdelinga har ansvar for tilsyn med vanlege og særskilte brannobjekt.

Tilsyn

Vanlege brannobjekt er stort sett vanlege bustader. Tilsyn utføres kvart 4. år av feiar. Dersom spesielle forhold gjer at ein bør gjennomføre tilsyn oftare, kan dette avtales med feiaren.

Særskilte brannobjekt er større bygg som skular, barnehagar, overnattingsstader, forsamlingslokale, institusjonar, industri og butikklokale. Tilsyn med desse vert utført etter ei risikovurdering.

Tilsyn med vanlege og særskilte brannobjekt er lovpålagt og har til hensikt å sikre at minstekrav ut frå pliktene til eigar/brukar, krav til tekniske tiltak samt bygningsmessige forhold blir ivaretekne. Tilsynet er og basert på rådgjeving og informasjon til eigar/brukar med fokus på å redusere brann og konsekvensane av dette.

Feiing

Feiing utføres kvart 3. år. Dersom spesielle forhold tilseier at ein bør feie oftare, kan du avtale dette med feiar. Feiar kan også nyttast som rådgjevar ved montering av piper og eldstad. Hugs at montering og utskifting av eldstader er meldepliktig.

Sist endra 16.01.2017

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Feiar Hå brannvesen
Telefon: 51 43 76 40
Mobil: 415 32 680
Fann du det du leita etter?