Kommunale avgifter og gebyr

Klikk for stort bilete

Avgift for renovasjon er betaling for at kommunen tek hand om avfallet ditt. Avgift for vatn og kloakk er betaling for at du har reint vatn i springen, avløp frå eigedommen og at spillvatnet (kloakken) blir reinsa.

Fakturaen heng nøye saman med kor mykje vatn du brukte i fjor. Me finn forbruket ditt ved å samanlikna målarstand du leverte ved nyttår, med målarstanden du leverte for eitt år sidan.

Me samanliknar det du betalte inn i forskott (akonto) i fjor, med det du faktisk har brukt av vatn og kloakk. Viss forbruket ditt var høgare i fjor enn året før, vil det vera ein meirkostnad for deg på denne rekninga. Viss forbruket ditt var mindre i fjor enn året før, så trekk me denne differansen i frå. Og rekninga di vil vera lågare.

Rekninga kjem to gonger i året. 

Gjeldande kommunale avgifter og gebyr (PDF, 254 kB)

Landbruksavgifter (PDF, 262 kB)

Meklaropplysningar vert distribuert og fakturert gjennom infoland.no

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00
Fann du det du leita etter?