Personvernerklæring
Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelja korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema.
Definisjonar:
Personopplysning: opplysingar og vurderingar som kan knytast til enkeltperson
Behandlingsansvarleg: den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast (Hå kommune)
Databehandlar: den som behandlar personopplysningar på vegne av den behandlingsansvarlege (ACOS AS)
Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som databehandlar av personopplysningar.
Hå kommune ønskjer å sikra at du som brukar av tenestene skal kjenna deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgde, og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker behandling av data vil til ei kvar tid dokumenterast etter gjeldande lovverk.
ACOS AS er berre databehandlar av personopplysningane, medan det er Hå kommune som er eigar av dataa og behandlingsansvarleg. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale.
Føremålet med handsaminga av personopplysingar
Opplysningar som du fyller inn, vert sende til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføra si saksbehandling av førespurnaden din. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.
Lov om behandling av personvern
Denne personvernerklæringa følger føresegnene i personopplysningslova av 01.01.2022 med tilhøyrande forskrift, og personvernforordninga av 25.05.2018 fastsett av EU-parlamentet.
Personopplysingar
Dersom du føler at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, samtykkjer du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet, og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.
Lagring av opplysingar
Dersom du loggar deg på med e-post, kan du når som helst velja å avbryta utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt henta han opp igjen for vidare utfylling seinare.
Opplysningane du har tasta inn, vil liggja lagra på vår server, og vil ikkje vera tilgjengelege for mottakar, som er kommunen, før du bestemmer deg for å senda inn søknaden.
Når du har vald innsending, har du samtidig stadfesta at mottakar kan motta opplysningane. Så snart søknaden er sendt til behandlingsansvarleg, vert innhaldet sletta frå databehandlar sin server (seinast innan tre døgn).
Sikker linje
All kommunikasjon mellom di datamaskin og vår server vert overført med sikker kryptert linje (SSL). Løysinga motsvarer tryggleiken som er brukt i nettbankane.
Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar
Du kan når som helst be om å få sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: post@ha.kommune.no.
Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevja å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv gjera slik sletting. Dette er jf. personopplysningslova § 18 og retting etter same lov § 27 og § 28.
Unnlate samtykke
Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunna nytta sjølvbeteningsportalen til elektroniske søknadsskjema. Du må då venda deg til kommunen på annan måte.
Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.
Spørsmål?
Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, ta kontakt med Hå kommune på tlf 51 79 30 00 eller e-post: post@ha.kommune.no