Viktig melding

Lukk meldinga

Nærbø sentrum - trygt, triveleg og tilgjengeleg

Kommunedelplanen inneheld ei planbeskriving som seier noko om korleis me skal utvikla eit trygt, triveleg og tilgjengeleg sentrum. Sentrum skal bidra til identitet og må bygga vidare på eksisterande kvaliteter som stasjonsby, samtidig som me skal skapa noko heilt nytt.

Kommunestyret vedtok (PDF, 374 kB), i medhold av plan- og bygningslovens § 11-15, kommunedelplan for Nærbø, i møte 15. november 2018 i sak 077/18.

Hovudgrepet i planen (PDF, 9 MB) er å definera ei ny sentrumskjerne som integrerer jernbanestasjonen, torget og parken, og dagens største handelsområder i eit meir kompakt og velfungerande sentrum. Den nye avgrensinga legg til rette for ein heilskapleg struktur som knyt saman det nye sentrumsområdet, skapar liv i sentrum ved bevisst lokalisering og sambruk, bidreg til meir effektiv arealutnytting og aktiviserer offentlege uterom. Planen bygger på eit prinsipp om å lokalisera bustadar, infrastruktur og tenester i ei kompakt sentrumskjerne for å redusera transportbehovet og gjer det meir attraktivt å velga kollektivtransport, sykkel og gange.

Plankartet (PDF, 4 MB) syner avgrensinga av planen, der fargekodar syner kva typar arealbruk (byggeområde, samferdsleområde og grønnstruktur) som er planlagt, og ulike hensynssoner er viste med skravur (kulturvernområde og område for felles planlegging). Føresegnene gir utfyllande tekst til dei ulike arealbruks- og hensynsområda.