Profilmanual

6 Visuelle støtteelement

For å støtta opp under visjonen “Me løfter i lag” er det utvikla støtteelement som skal plasserast under logo eller andre støtteelement som tittel og bilde. Støtteelementa består av ulike silhuettar av håbuar, vår viktigaste ressurs. Silhuettane representerer ulike typar menneske som bur og har sitt virke i kommunen vår.

Silhuettane i bruk  

 

Me har laga ein eigen “silhuettbank“ med figurar å velja i. Desse figurane kan settast saman etter situasjon og behov – du vel silhuettar som passar til det temaet eller den situasjonen dei skal nyttast i. På materiell frå barnehagen, til dømes, nyttar me silhuettar av barn. Det skal aldri vera færre enn tre silhuettar og aldri fleire enn åtte. Det er viktig at silhuettane alltid står på ei vassrett linje og at dei tydeleg løfter det eller dei elementa dei står under.

For å gjera det enklare å bruka er det laga nokre faste oppsett:

Klikk for stort bilete

Last ned oppsett 1 (PNG, 21 kB)

Last ned oppsett 1 (EPS, 2 MB)

Klikk for stort bilete

Last ned oppsett 2 (PNG, 39 kB)

Last ned oppsett 2 (EPS, 3 MB)

Klikk for stort bilete

Last ned oppsett 3 (PNG, 32 kB)

Last ned oppsett 3 (EPS, 3 MB)

Klikk for stort bilete

Last ned oppsett 4  (PNG, 37 kB)

Last ned oppsett 4 (EPS, 3 MB)

Klikk for stort bileteLast ned oppsett 5 (PNG, 15 kB)

Last ned oppsett 5 (EPS, 2 MB)

Klikk for stort bilete​​​​​​​Last ned oppsett 6 (PNG, 54 kB)

Last ned oppsett 6 (EPS, 4 MB)

 

Silhuettane er eit valfritt element og kan utelatast om nødvendig. Dette gjeld der det vert eit overflødig element (t.d. på brevark), der det til saman vert for mange element (t.d. skilt) eller der det vert for liten plass (t.d. på billettar).

Sjå døme på bruk av støtteelement her (PDF, 3 MB)