Profilmanual

1 Visjon

Klikk for stort bilete «Me løfter i lag»

Slik lyder Hå kommune sin visjon. Den fortel oss noko om kven me er, korleis me tenkjer og korleis me jobbar. Utgangspunktet for visjonen har vore til stades i fleire hundre år, og har sidan 1964 prega kommunevåpenet vårt: Steinbukken. Den er eit symbol på det å løfta noko tungt, noko ein må vera fleire med på for å få til. Anten me snakkar om kommunen som administrativ eining eller som den samlinga av over 18 000 innbyggjarar han er, er samhandlinga, det å løfta i lag, avgjerande. Steinbukken er dessutan eit symbol på historia vår og det som har vore drivkrafta i uminnelege tider: Arbeidet med å dyrka jorda, få det til å gro. Også i dag handlar det om å skapa vekst. «Me løfter i lag» skal kvar einaste dag minna oss om kor viktig det er å ha felles mål, og å arbeida saman for å oppnå desse. Slik løfter me kvaliteten i det me gjer. Slik oppnår me gode levekår saman. Slik møter me framtida – i lag.