Profilmanual

3 Fargar

Hå er eit fargerikt fellesskap, og som ein del av den visuelle identiteten har Hå kommune sin eigen fargepalett.

Fargepaletten består av primærfargar og sekundærfargar. Det er berre primær- og sekundærfargar som kan og skal nyttast på logo og støtteelement.

Fargedefinisjonar

 

Alt etter korleis fargane skal verta reproduserte, på trykk, skjerm eller nett, syner manualen presise fargedefinisjonar som alltid skal følgast. Desse sikrar at kommunen alltid opptrer med dei same, riktige fargane på tvers av virkemiddel og media. Dette bidreg til gjenkjenning og styrker opplevinga av kommunen som ein profesjonell aktør. Til trykk gjeld Pantone/PMS- eller CMYK-fargar. Til skjerm og internett skal du nytta RGB- eller HEX-fargekode.

 

Primærfargane

 

Hå kommune sitt kommunevåpen består av svart og sølv. Det er ofte teknisk umogleg å nytta sølv – då skal kvit nyttast som erstatningsfarge. Hå kommune sin visuelle identitet har tre primærfargar: Svart, sølv og blå. Svart og sølv høyrer naturleg heime sidan desse er å finna i kommunevåpenet. Blåfargen har same status som svart og sølv, og speler ein svært synleg rolle i Hå kommune sin kommunikasjon. Blåfargen er ein identitetsberar som saman med dei tre sekundærfargane opnar for eit fargerikt samspel og ein frisk utsjånad.

Klikk for stort bileteCMYK: 70 / 34 / 26 / 8
RGB: 79 / 134 / 160
PANTONE: 7697 C
HEX: #4E869F
Klikk for stort bileteCMYK: 0 / 0 / 0/100
RGB: 29 / 29 / 27
PANTONE: Black EC
HEX: #1C1C1B

Klikk for stort bileteCMYK: 0 / 0 / 0/ 0
RGB: 255 / 255 / 255
PANTONE: Hvit
HEX: #FFFFFF

Klikk for stort bileteCMYK: 0 / 0 / 0/ 40
RGB: 178 / 178 / 178
PANTONE: 877 Metallic Coated
HEX: #B1B2B1

Sekundærfargane

 

Sekundærfargane er ein viktig del av den visuelle identiteten ved at dei er med på å skapa variasjon, gjera kommunikasjonen mindre monoton. Det er du som sjølv vel kva tid du vil nytta ein sekundærfarge, og kva farge det i så fall vert. Fargange skal gje ei kjensle av mangfald. 

Klikk for stort bileteCMYK: 66 / 33 / 54/ 17
RGB: 91 / 127 / 113
PANTONE: 5555 C
HEX: #5B7F70

Klikk for stort bileteCMYK: 30 / 54 / 57/ 26
RGB: 154 / 107 / 88
PANTONE: 4715 C
HEX: #996A57

Klikk for stort bileteCMYK: 25 / 87 / 33/ 14
RGB: 173 / 57 / 99
PANTONE: 7433 C 
HEX: #AD3863

Klikk for stort bileteCMYK: 3 / 22 / 86/ 0
RGB: 246 / 198 / 66
PANTONE: 1225 C 
HEX: #F6C642

Meir om primærfargar (PDF, 97 kB)

Meir om sekundærfargar (PDF, 131 kB)

Utskriftsvennleg ark med fargekodar (PDF, 149 kB)