Viktig melding

Lukk meldinga

Omval til fylkesting i Østfold 2023

Førehandsstemming for veljarar som er folkeregistrert i Moss kommune.

Kommunal- og distriksdepartementet (KMD) fatta 4. oktober 2023 vedtak om at fylkestingsvalet i Moss kommune ikkje er gyldig, og påbaud omval i Moss kommune.

Valdagen i Moss er sett til 27. november 2023.

Ved omval skal veljarar kunne førehandsstemma i alle kommunane i landet.

Førehandsstemming 13. november til 24. november 2023.
Me gjer merksam på at førehandsstemminga i Hå kommune berre gjeld for dei som er folkeregistrert i Moss kommune. 

Skal du førehandsstemma til fylkestinget i Østfold?

  • I Hå kommune legg me til rette for førehandsstemming i servicetorget i Hå rådhus i opnngstida kl. 09:00 - 14:00.
  • Dersom du skal førehandsstemma til omvalet, må du ta kontakt med servicetorget for å avtala tid.  Telefonnummeret er 51 79 30 00.
  • Heimestemming
    Dersom du ikkje er i stand til å koma til rådhuset for å førehandsstemma, er det anledning for deg å få stemma i din eigen heim.  Frist for å søka om heimestemming er sett til onsdag 22. november 2023. kl. 12:00.

Har du spørsmål til førehandsstemminga eller spørsmål til omvalet til fylkesting i Østfold?

Da kan du ta kontakt med valansvarleg Trude Høyland på 90 56 43 92 eller på e-post til trho@ha.kommune.no.