Skal du førehandsstemma?

Du kan førehandsstemma frå og med 10.august til og med 8.september på desse stadene:

Biblioteket på Nærbø Biblioteket si åpningstid                    
Biblioteket på Ogna Biblioteket si åpningstid                      

Servicetorget 
Hå rådhus

Måndag til fredag kl. 08:00 - 15:00

 

Du kan òg førehandsstemma på Amfi Nærbø frå og med 31. august til og med 7. september:

Amfi Nærbø (Nærbø handelslag)

Tidspunkt kl. 14:00 - 19:00
(laurdag kl. 12:00 - 15:00)

 

Hå kommune legg òg til rette for å kunne motta førehandsstemmer på institusjonar og vidaregåande skule:

Heimtun bu- og velferdssenter 21. august kl. 10:00 - 11:00
Hå sjukeheim 23. august kl. 10:00 - 11:30
Varhaug bu- og velferdssenter 24. august kl. 10:00 -11:00
Vigrestad bu- og velferdssenter 28. august kl. 10:00 - 11:00
Olsvoll bu- og velferdssenter 30. august kl. 10:00 - 11:00
Klokkarhagen sjukeheim 1.september kl. 11:00 - 12:00
Åna fengsel   7.september kl. 09:00 - 11:30
Tryggheim vidaregåande skule

6.september kl. 09:00 - 11:00

 

Ambulerande stemmegiving(heimestemming):
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan stemme der det vert halde førehandsstemming, kan etter søknad til valstyret førehandsstemme der dei held til.
Det må gå fram av søknaden at veljaren er sjuk eller ufør og difor ikkje i stand til å førehandsstemme ein annan stad.

Valstyret må ha motteke søknaden seinast 6.september kl. 15.00.
Send e-post merka med: Valstyret i Hå, til post@ha.kommune.no.

Du kan òg ringje 51 79 30 12.

Kven kan stemme?
Ved stortingsvalet er det berre norske statsborgarar over 18 år som har stemmerett. Det held at veljaren fyller 18 år i løpet av valåret. Veljaren må vere, eller ha vore, registrert som busett i Noreg.

16- og 17- åringer får ikkje stemma ved dette valet.

Hugs å ta med legitimasjon og valkort.

Du treng ikkje valkortet for å stemma, men det sparer deg for tid.
 

Fann du det du leita etter?