Stortings- og sametingsvalet 2017

Valdagen for stortingsvalet er måndag 11. september.
På valdagen er det fire vallokale: Bø skule, Varhaug skule, Vigrestad storskule og biblioteket på Ogna. Alle vallokala er opne frå kl. 09:00 - til kl. 21:00. Du kan velja kva for eit vallokale du vil stemma i. Hugs legitimasjon. Ta gjerne med valkort. Det er ikkje eit krav, men det går raskare om du har det med.

Valurne - Klikk for stort bilete

Kven kan stemme?
Ved stortingsvalet er det berre norske statsborgarar over 18 år som har stemmerett. Det held at veljaren fyller 18 år i løpet av valåret. Veljaren må vera, eller ha vore, registrert som busett i Noreg.

16 - og 17- åringar får ikkje stemma ved dette valet.

Alle som har stemmerett står innført i manntalet. Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på rådhuset og på biblioteket på Nærbø. 

Kven stiller til val i Rogaland?
I Rogaland fylke har 19 listeforslag blitt godkjende. Her kan du sjå dei godkjende listeforslaga.

Sametingsvalet
Hå kommune har færre enn 30 personar registrert i sametinget sitt manntal. Det er difor kun høve til å stemma i førehandsstemmeperioden til sametingsvalet. Meir info om sametingsvalet kan de finna på sametinget si heimeside.

Førehandsstemming
Frå 10. august til 8. september kan du førehandsstemma.

Fann du det du leita etter?