Personvern

Personvern er retten til eit privatliv og retten til å bestemma over eigne personopplysningar.

Kva inneber dei nye reglane?

Det er strenge internasjonale reglar om korleis vi som kommune skal lagra, vedlikehalda og sletta personopplysingar.

EU kallar dette regelverket GDPR, og det skal innlemmast i norsk lov som ny personopplysingslov

Kva kan du få innsyn i?

Dersom du ber om det, kan du få innsyn i kva for personopplysningar som kommunen har registrert om deg. 

Kva er eit personvernombod?

Personvernombodet skal vera kontaktpunkt for dei som er registrerte med personopplysningar i Hå kommune. Dette gjeld i utgangspunktet alle som bur i kommunen. 

Vidare skal ombodet informera, gje råd og sikra at personvernreglane vert følgt opp i kommunen.

For tilsette i kommunen skal ombodet gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar (DPIA), og følgja opp interne retningslinjer for handtering av personopplysningar. Ombodet skal samarbeida og vera kontaktpunkt mot Datatilsynet.

Personvernombodet i Hå kommune

Hilde Eidsaa Bjorland er personvernombod i Hå kommune. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko.

E-post: hibj@ha.kommune.no, eller tlf: 51 79 31 01.

Kontakt

Hilde Eidsaa  Bjorland
Hilde Eidsaa Bjorland
Personvernombod
Telefon: 51793101
Fann du det du leita etter?