Om innsynsretten

Den offentlege postlista for Hå kommune vert publisert tre vekedagar etter journalføring i kommunen sitt arkivsystem. 

Postlista som vert lagt ut her viser ein oversikt over inngåande og utgåande dokument i sak/arkivsystemet.

Offentleglova gir rett til innsyn i det offentlege innhaldet i ein journal eller eit dokument.  Postjournalen vert lagt ut etter at opplysningane i journalen er kvalitetssikra i høve til personvern og prinsippet om offentleg innsyn. Saker og dokument som er unnateke offentleg innsyn er merka med unntaksheimel. 

Innsynsrett

Du har rett til å krevja innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument er unnateke frå offentlegheit, skal kommunen vurdera om dokumentet likevel bør kunna gjerast kjent, heilt eller delvis (meirinnsyn).

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelda ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning saker av ein bestemt art.

Behandlingstid

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan ein til tre arbeidsdagar. Viss du har enkle førespurnader, kan me ekspedera deg med ei gong. Elles må du rekna med å få det ettersendt på e-post, eller koma tilbake og henta dokumenta.

Offentleglova

Forvaltingslova

Sist endra 30.03.2017
Fann du det du leita etter?