Politisk sekretariat

Politisk sekretariat har som si hovudoppgåve å hjelpa dei politiske organ ved å leggje til rette for og bidra til avvikling av møter i folkevalde styrer, råd og utval.

Vidare har politisk sekretariat til oppgåve å:

  • oppretthalda og vidareutvikle saksflyt mellom administrasjon og dei folkevalde organ. Leggje til rette for papirlaus saksflyt mellom dei einskilde einingane. 
  • gje råd, rettleiing og hjelpa til i saker som har samanheng med prosedyrar og saksgang i dei folkevalde organ
  • sørgje for at dei folkevalde får gode arbeidsvilkår og den godtgjering dei har krav på
  • gje råd, rettleiing og informasjon til folkevalde, administrasjon, presse og publikum om vedtak og saker
  • ajourhalda og vidareutvikle kommunen si nettside om politikk og administrasjon
  • planleggje og gjennomføre barn og unges kommunestyre (BUK)     

I tillegg er politisk sekretariat ansvarleg for gjennomføring av stortingsval og kommune- og fylkestingsval i Hå kommune. 

Politisk sekretariat
 
Leiar Marianne Espedal Boge MarianneEspedal.boge@ha.kommune.no 936 60 854
Konsulent Trude Høyland trude.hoyland.@ha.kommune.no 51 79 30 28
       

Kontakt

Marianne Espedal Boge
Marianne Espedal Boge
Leiar, politisk sekretariat
Telefon: 51 79 30 12
Fann du det du leita etter?