Tusen takk til deg som har meldt di interesse til å bli meddommar.

Klikk for stort bileteKommunen ønsker meddommarar til Jæren tingrett og Gulating lagmannsrett. 

Arbeidet med å fordela meddommarar til tingretten og lagmannsretten for neste periode (2021-2024) er godt i gang. Kommunestyret skal i sitt møte den 11.juni behandla sakene om val av meddommarar. Det er mange av dykk som har meldt seg som interessert i å vera meddommarar. De som blir valde vil få tilsendt brev frå Hå kommune.

Jæren tingrett eller Gulating lagmannsrett

Siste frist for å melde di interesse er 27.mars 2020.



Felt merka med * må fyllast ut

Du kan finna meir informasjon om det å vera meddommar på domstol.no.

Kven kan vera meddommar?

For å vera meddommar for Hå kommune, må du vera busett i kommunen. Domstollova stiller visse krav til kven som kan verta valt til meddommar. Blant anna må du vera fylt 21 år og vera under 70 år, samt ha røysterett ved kommuneval. (Øvre aldersgrense gjeld ikkje for skjønnsmedlemmar.)

Det er eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare er det sett krav til at meddommarar er lovlydige. Det vil difor verta utført ei vurdering av vandel av aktuelle kandidatar. I tillegg er det enkelte yrkesgrupper som ikkje kan verta valde som meddommarar.

Ein kan ikkje vere meddommar både i tingretten og i lagmannsretten.