Meddommarar

Kvart 4. år skal kommunestyret velje meddommarar til Jæren tingrett, Gulating lagmannsrett, jordskifteretten og skjønnsmedlemmar.

Meddommer.jpg - Klikk for stort bilete

Kva er ein meddommar?

Meddommarar spiller ei viktig rolle i vårt rettssystem. Det stillast ikkje noko krav til den faglige bakgrunnen til ein meddommar, noko som heng saman med prinsippet om at tiltalte skal «dømmast av sine likemenn». Meddommarane deltar på lik linje med fagdommarane, og skal vurdere både om tiltalte er skuldig og kva for ei straff som eventuelt skal givast. Ved avgjersla tel røystene til meddommarane like mykje som fagdommarane si røyst.

Kven kan vera meddommar?

For å vere meddommar for Hå kommune, må du vere busett i Hå kommune. Domstollova stiller visse krav til kven som kan verta valt til meddommar. Blant anna må du vere fylt 21 år og vere under 70 år,samt ha røysterett ved kommuneval. (Øvre aldersgrense gjeld ikkje for skjønnsmedlemmar.)

Det er eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare er det sett krav til at lekdommarar er lovlydige. Det vil difor verta utført ei vurdering av vandel av aktuelle kandidatar. I tillegg er det enkelte yrkesgrupper som ikkje kan verta valde som meddommarar.

Ein kan ikkje vere meddommar både i tingretten og i lagmannsretten.

Sist endra 22.02.2017

Kontakt

Trude Høyland
Trude Høyland
Konsulent politisk sekretariat
Telefon: 51 79 30 28
Fann du det du leita etter?