Som eit kommunestyremøte
BUK føregår i kommunestyresalen og er bygd opp på same måte som eit vanleg kommunestyremøte med saksliste,namneopprop, ordstyrar og stemmeskilt.
Tema
Elevane vert utfordra til å halda innlegg rundt eit tema som er viktig for kommunen. Dette engasjerer både elevar, politikarar og skulesjefen.
2020 Korleis har korona endra kvardagen til barn og unge?
- Korleis opplevdes det sosialt?
- Korleis klarte du deg med heimeskule?
- Kva kunne blitt gjort annleis frå skulen si side?
- Kva var bra?
- Lærte du noko nytt?
2019 "Gleding"
Korleis gleda andre?
2018 "Lyst til å læra".
Korleis skal elevane oppnå i større grad å:
- Gle seg til å gå på skulen
- Lika skulearbeidet
- Er interessert i å læra
2017 Digital dømmekraft
For at barn og unge skal gjera gode og trygge val på nett, treng dei digital dømmekraft.
2016 Motivasjon.
2015 Mobbing.
I 2014 vart elevane utfordra til å koma med innspel kring saker som var viktige for barn og unge i Hå og korleis kan barn og unge påverka på det som blir bestemt i kommunen.
Spørsmål til ordføraren
Elevane får anledning til å stilla spørsmål til ordførar og rådmann. Elevane er godt forberedt og stiller spørsmål om tema som dei er opptekne av. Nokon av spørsmåla dreier seg om skulekvardagen, medan andre dreier seg om fritid og det som skjer utanom skulen.
Det er anledning til å spørja om akkurat det ein har lyst til.
Kva ønskjer elevrådet å bruka pengane på
Barn og unges kommunestyre (BUK) får sett av ein sum pengar som dei sjølv får bestemme kva skal brukast til. Ein føresetnad er at pengane må brukast slik at dei kjem barn og unge til gode, på tvers av der dei bur.
2020
Vedtak i barn- og unges kommunestyremøte
60 000 blir fordelt likt mellom skulane
2019
Vedtak i barn- og unges kommunestyremøte:
60 000 kroner blir likt fordelt mellom skulane
2018
Aktivitetsdag/kanonballturnering med grilling av pølser i Loen. Eit arangement for mellomtrinna og eit arrangement for ungdomsskulane. Pengane skal brukast til skyss og mat.
2017
Elevane stemde for å bruka pengane på:
Kvar enkelt skule (5.-7. trinn) og det same gjorde 8.-10. trinn.
30 000 x 2 vert fordelt ut til den enkelte skule, som igjen kan bruka dei til tiltak som ligg i innsende forslag.
2016
Barn og unges kommunestyre vedtok å bruka tildelt pengesum på desse tiltak:
- 5.- 7. trinn 15 000 kr til Kreftforeningen og 15 000 kr til utstyr på skulane
- 8.-10. trinn 30 000 kr til aktivitetsdag
2015
Barn og unges kommunestyre vedtok å bruka 60 000 kr til aktivitetsdagar, slik som det føregåande året.
2014
60 000 kr blei løyvd til å arrangere to aktivitetsdagar
- ein for 5.-7. klasse 30 000 kr
- ein for 8.-10. klasse 30 000 kr