Innbyggjarinvolvering

Me vil involvera deg

Kommunen er til for deg som innbyggjar, og me ønsker å involvera deg. Du kan til dømes engasjera deg ved å svara på høyringar, koma på kommunestyremøtene, bli med på gjestebod og melda deg som frivillig. Ta kontakt med servicetorget om du har spørsmål eller innspel.

Har du ei sak eller ein idé du vil ta opp?

Du kan føreslå saker til politikarane i kommunen eller fylkeskommunen. Du treng ikkje å ha stemmerett eller ha fylt 18 år.

Ein måte å gjera det på er å bruka tenesta misak.no.

Me vil kommunisera klart og tydeleg med deg

Me arbeider med klarspråk for å gjera tekstane våre enklare å forstå. Dette trur me vil gjera det lettare for deg som bur i kommunen, å engasjera deg.

Har du fått informasjon frå oss som du ikkje forstår? Då vil me gjerne ha beskjed!




Felt merka med * må fyllast ut
Fann du det du leita etter?