Politikk og administrasjon

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Hå er 5 politiske parti og 2 bygdelister representert i kommunestyret som har 33 medlemmar. Kommunestyret treff vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak (kommunelova § 6). Kommunestyret har møte omlag 8 gonger i året. Jonas Skrettingland frå Kristeleg Folkeparti (Krf)er ordførar i inneverande periode   (2015 - 2019).

Formannskapet består av 9 medlemmar frå kommunestyret, og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Utval for tekniske saker og næring har av 9 medlemmar (+ 1 representant for barn og unge) valde for den kommunale valperioden (2015-2019). Utvalet arbeider med sitt respektive område innan den kommunale verksemda. Hovudområda er: Planar og planarbeid, næringsliv, veg/vatn og avløp, trafikktryggleik, gjenvinning, brannvesen,byggesak og landbruk.                                                                                                                     

Utval for opplæring og kultur har 9 medlemmer valde for den kommunale valperioden (2015-2019). Utvala arbeider med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda. Ein kan nemna: Barnehage,skular, SLT, kulturvern, kulturskule - og fritid samt bibliotek.

Utval for helse- og sosialsaker har 9 medlemmar valde for den kommunale valperioden (2015-2019). Utvalet arbeidar med sitt respektive område innan den kommunale verksemda. Områder ein er innom er: Pleie og omsorg, helsetenester, helsesøster og jordmor, barnevern, NAV samt psykisk helse og rusvern.

Rådmannen skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde, og at vedtak vert sett i verk.

Politisk sekretariat har som hovudoppgåve å betene dei politiske organa ved å leggja til rette for, og bidra til avvikling av møter i folkevalde styrer, råd og utval.

Sist endra 04.04.2017
Fann du det du leita etter?