Viktig melding

Lukk meldinga

Profilmanual

2 Visuell identitet

Alt Hå kommune gjer, er med på å forma inntrykket av oss. Det gjeld også kommunikasjonen vår. Og den er det meir av enn me kanskje tenker over: Kvar dag kommuniserer Hå kommune med omverda – gjennom annonsar, brosjyremateriell, rapportar, presentasjonar, brev, e-post, nettsider, sosiale medium og anna. Dette er arenaer der me har høve til å framstå som profesjonelle, ryddige og heilskaplege i det me gjer. Ein felles, konsekvent bruk av logo, fargar, skrifttypar, foto og illustrasjonar er med på å sikra dette.

Det krev at me alle er lojale og følgjer dei retningslinjene som finst i denne brukarguiden. Kvardagen vår kan vera både travel og krevjande, og krava i denne guiden kan synest mange og detaljerte. Likevel er det viktig at me tek oppgåva og ansvaret vårt alvorleg. Også her skal me løfta i lag!