Viktig melding

Lukk meldinga

Profilmanual

4 Typografi

For å styrka kommunen sin visuelle identitet og å unngå kaos i bruk av skrifttypar, er det vald ut to skrifttypar som konsekvent skal nyttast i all kommunikasjon. Malane som er designa for kommunen er også tilpassa desse to skrifttypane.

Korrespondanse og presentasjonar

I brev, e-post, presentasjonar og likande skal ein nytta Arial, som er ein standardfont i både Windows og Mac OS X.

Trykksaker

I alt som skal printast, anten på papir eller tekstilar og anna, skal det nyttast Trade Gothic. Denne skrifttypen sit dei fleste trykkeria og tilsvarande leverandørar på. Dersom dei ikkje har denne skrifttypen, kan han enkelt kjøpast hos leverandørar som t.d. Luth & co.

Unntak er unntak

Avvik frå typografispesifikasjonane skal berre skje i heilt spesielle tilfelle. Eit døme kan vera i eit julekort, der tittelen gjerne vil fungera betre med ein meir “julete” skrifttype. Unntak skal alltid gjerast i samråd med profilansvarleg i kommunen.

Meir om typografiske spesifikasjonar (PDF, 406 kB)