Viktig melding

Lukk meldinga

Profilmanual

8 Foto og video

Bilda våre skal spegla kommunen me bur og jobbar i, og skal brukast til å forsterka identiteten vår. Bilda skal vera truverdige og brukast til å tydeleggjera verdiane våre open, driftig og stolt. 

Bilde av natur, stadar og miljø skal fanga augneblinken og stemninga og formidla livet i Hå. 

Bilde av menneske og situasjonar er viktige for å visa fram visjonen vår "Me løfter i lag". 

Hå kommune har stor fleksibilitet i organisasjonen når det gjeld bruk av eigne bilde og kommunikasjonskonsept. Likevel har kommunen nokre retningslinjer for alle:

Rettigheiter, GDPR (personvern) og kreditering

For alle bilde som blir brukte i kommunikasjon frå Hå kommune skal rettigheiter og avtalar om bruk vera avtalt og avklart på førehand. Ver merksam på detaljer i lisensieringsavtalar, GDPR (personvern) og kreditering.

Ekte og levande

Me jobbar for å fanga augneblinkar, stemning og situasjonar. Det gir oss ekte og levande bilde. Dei beste bilda er autentiske- ikkje oppstilte med perfekte smil. Eksperimenter gjerne med element ute av fokus, ansiktsuttrykk og kameravinklar. Abstrakte utsnitt eller bilde med store og reine flater fungerer godt bak tekst, så gå gjerne tett på motivet. 

Bilda bør etterbehandlast og justerast for optimal kvalitet, men dei skal ikkje manipulerast.