Skulebruksplan

Skulebruksplanen er eit strategidokument som skal danna grunnlag for avgjersler knytte til:

  • vedlikehald av bygningsmassen
  • ombygging/tilpassing til moderne skuledrift
  • utbygging i høve til elevtalsutviklinga

Planen vert rullert årleg i samband med økonomiplanen, med hovudrevisjon etter behov, ca kvart 2. år samordna  med at SSB reviderer sine folketalsframskrivingar.  Planen er eit grunnlag for prioriteringar i økonomiplanen. Skuleanlegg skal tena mange føremål og er viktige signalbygg. Utforminga av bygga, standarden og det totale inntrykket skulebygget gir fortel om kommunen viser vilje til å satsa på kvalitet i barn og unge sitt oppvekstmiljø. Skulebygga må òg legga til rette for god bruk for lag og organisasjonar og til ulike sosiale og kulturelle arrangement, og vert på den måten òg viktige kulturbygg i kommunen.

Målet må vera å ha godt vedlikehaldne skuleanlegg, tilpassa dei pedagogiske, sosiale og kulturelle føremåla.

Kommunestyret har i sak 16/2013 vedtatt skulebruksplanen 2017-2020

Fann du det du leita etter?