Kvalitetsplan for barnehagar

Samfunnsmandatet til barnehagen er å gje barn under opplæringspliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmuligheiter i nær forståing og samarbeid med heimen (barnehagelova § 1).

Kvalitetsplan for barnehagen 2016-2019, er kommunen sitt overordna styringsdokument for kvalitetsutvikling i barnehagane i Hå. Planen skal gje retning og setja mål for det pedagogiske arbeidet, og legg grunnlaget for utvikling og kompetanseheving. Kvalitetsplanen skal i tillegg vera ei informasjon til politikarane.

Planen er forankra i både nasjonale og lokale føringar.

16. juni 2016 vedtok kommunestyret Kvalitetsplan for barnehagen 2016-2019. (PDF, 2 MB)

Sist endra 08.02.2017
Fann du det du leita etter?