Bilete

Varhaug sentrum - ein møteplass for alle

Den nye kommunedelplanen for Varhaug sentrum vil syna korleis Varhaug sentrum skal utvikla seg dei komande tiåra. Planen er tenkt å vera ferdig i 2020.

Hå kommune arbeider med ny kommunedelplan for Varhaug sentrum. Me vil gjerne ha deg med på laget. Korleis skal sentrum sjå ut i framtida?

 

 

 

 

 

Medverknad
Hå kommune legg opp til eit breitt medverknadsarbeid med gjestebodsmodellen som utgangspunkt. Gjestebodsmodellen inneber at vertar kan melda seg og invitera kven dei sjølv ynskjer til gjestebod om Varhaug sentrum. I løpet av hausten 2018 og våren 2019 vart det gjennomført to rundar med gjestebod. Første gjestebod hadde «Identitet og visjon» som tema, medan andre gjestebod hadde «Bygningsmiljø og møteplassar» som tema. I tillegg har det vore nytta andre medverknadsmetodar som til dømes barnetråkk og verkstad. Det har kome inn mange gode innspel som er med og dannar grunnlaget for sentrumsplanen.

Til no har kommuneplanutvalet behandla og vedteke ei avgrensing og soneinndeling av sentrum. Denne gjev ei grovinndeling av kvar i sentrum ulike funksjonar kan plasserast. Vidare har dei vedteke visjonen Varhaug sentrum – ein møteplass for alle. I tillegg er det utarbeidd ei handelsanalyse som skal leggast til grunn for det vidare arbeidet med sentrumsplanen. Andre saker som skal utgreiast er mellom anna samferdsel og parkering, byrom, parkar og grøntanlegg og byggjereglar.


 

Klikk for stort biletePlanavgrensning ortofoto Har du innspel?
Du kan senda innspel merka med Varhaug sentrum, til postadresse:
Hå kommune
Rådhusgata 8
4360 Varhaug
E-post: varhaugsentrum@ha.kommune.no


 

Har du spørsmål til planarbeidet?
Ved spørsmål eller kommentarar til planarbeidet, ta kontakt med saksbehandlar i Hå kommune, Tor-Eivind Eie Fagereng.
E-post: tfag@ha.kommune.no
Tlf: 51 79 31 40

Kontakt

Tor-Eivind Eie Fagereng
Rådgivar
Ole Vikse
Ole Vikse
Seniorrådgivar
Telefon: 51 79 30 11
Fann du det du leita etter?