Bilete

fra øst 70m - Klikk for stort bilete

Vil du vera med og forma Varhaug sentrum?

No har du sjansen til å vera med og seia meininga di. Bli med i eit gjestebod og gi innspel om nærmiljøet ditt. Sentrum sett frå sør - Klikk for stort bileteSentrum sett frå sør

Hå kommune har starta arbeidet med kommunedelplan for Varhaug sentrum. Me vil gjerne ha deg med på laget. Korleis skal sentrum sjå ut i framtida?

 

 

 

 

Medverknad ved bruk av gjestebodsmodellen
Kommunen vil invitera til første gjestebod i september. Det blir etter planen to gjestebod, og me arbeider no med tema og innhald for det første, ut frå erfaringar frå Nærbø. Gjestebodsmodellen går ut på at personar meldar seg for å vere gjestebodsvert, som så får i oppgåve å samla venar og kjende dei vil ha med for å diskutera ulike tema som angår Varhaug sentrum. Etter ei rimeleg tid, vil me samla gjestebodvertane og andre til ein verkstadkveld der me diskuterer innspela vidare. Målet er å einast om eit samla arbeidsnotat som blir lagt til grunn i vidare utvikling av planen.  

Vil du vera gjestebodvert?
Meld deg på ved å fylle ut dette skjemaet, eller ved å senda e-post til post@ha.kommune.no. Skriv gjerne nokre ord om kven de er, så skriv me dykk opp og tek kontakt når program er klart.

Gjestebud

Er de ein venegjeng, nabogruppe, frivillig lag eller andre?
Felt merka med * må fyllast ut

 

Planavgrensning ortofoto - Klikk for stort biletePlanavgrensning ortofoto
Har du innspel?
Du kan bruke skjemaet til høgre, eller senda innspel merka med Varhaug sentrum, til postadresse:
Hå kommune
PB 24
4368 Varhaug

På e-post: post@ha.kommune.no


Har du spørsmål til planarbeidet?
Ved spørsmål eller kommentarar til planarbeidet, ta kontakt med saksbehandlar i Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren:
E-post: rasm@ha.kommune.no Tlf: 51 79 31 35

Kontakt

Rolf Aleksander Svensen Mellgren
Arealplanlegger
Telefon: 51 79 31 35
Fann du det du leita etter?