Bilete

Oversiktsbilde Nærbø - Klikk for stort bilete

Bryr du deg om Nærbø sentrum?

Hå kommune har starta arbeidet med kommunedelplan for Nærbø sentrum. Plan- og bygningslova fastset at det skal lagast eit planprogram før sjølve arbeidet med ein kommunedelplan setjast i gang. 

Eit planprogram er ein skildring av planprosessen og kva som skal arbeidast med. Ordbruken kan gjere det litt vanskeleg å få tak i forskjellen, men planprogrammet skal ikkje forvekslast med sjølve planen.

Målet med planarbeidet

Kommunedelplan for Nærbø sentrum skal fastleggja dei overordna måla og rammene for utviklinga av Nærbø sentrum i åra framover.
 

Nærbø park og torg - Klikk for stort bileteNærbø park og torg


Folkemøte

Det vart den 15. juni 2016 arrangert informasjonsmøte i samband med planarbeidet i samfunnshuset på Nærbø. Oppmøtet var bra og det vart mange gode diskusjonar.

Midlertidige retningslinjer
I forbindelse med utarbeiding av kommunedelplan for Nærbø sentrum, har spørsmålet om korleis ein skal forholda seg til pågåande bygge- og reguleringssaker innanfor dagens sentrumsavgrensing blitt stilt fleire gonger. 

Dagens sentrumsareal på Nærbø består av ein del eldre og delvis utdaterte område- og detaljreguleringsplanar, og det søkast stadig om nye byggesaker. Eit byggje- og deleforbod  vil stoppa opp store områder med stort utbyggingspotensial dei to åra me ser for oss det vil ta å utarbeida sentrumsplanen. Samstundes er det behov for ein felles forståing og forankring av korleis desse sakane blir behandla, utan det kan dei lett gå mot intensjonane i den framtidige sentrumsplanen.
 
Det har vore haldt møte med administrasjonen, utval for tekniske saker og næring og kommuneplanutvalet, der ulike tema på Nærbø vart belyst og diskutert. Administrasjonen blei bedt av politikarane om å utarbeida ei sak med klare retningslinjer, med ei forklaring på kvifor og kva dei vil innebera. Desse er lagt som vedlegg til høgre på denne sida.

 


Nærbø torgplass og parkering - Klikk for stort bileteNærbø torgplass og parkering

Medverknad ved bruk av gjestebodsmodellen

Me i kommunen ynskjer å prøva ein ny metode for medverknad for og å nå dei innbyggjarane som vanlegvis ikkje deltek i tradisjonelle folkemøter. Det er no 23 stykk som har meldt seg som gjestebodsvertar, og det er me veldig nøgd med. For å klare å vurdera alle innspela på ein fornuftig måte, har me no stengd for fleire verts-registreringar. 

Sist endra 02.06.2017

Kontakt

Børge Goa
Arealplanlegger
Telefon: 51 79 31 09
Fann du det du leita etter?