Slik kan Nærbø sentrum bli i framtida

Flyfoto2 - Klikk for stort bilete

Korleis vil Nærbø sentrum sjå ut i framtida?

Innbyggjarar, politikarar og administrasjonen i Hå kommune har jobba saman om dette forslaget til ny sentrumsplan. Fram til 12. september kunne du gje kommentarar til forslaget. Alle innspel vil bli lagt fram for politikarane i Hå etter høyringsperioden. Det er lagt opp til at kommunestyret skal vedta sentrumsplanen i løpet av hausten 2018.

Nærbø sentrum i dag

  • Til dels lite liv og aktivitet i torgområda.
  • Sentrum er stort, og områda med aktivitet heng dårleg saman.
  • Nærbøgata er skilt frå resten av sentrum på grunn av jernbanen.
  • Mykje er lagt til rette for bil, parkering og trafikk. Heile sentrum er ope for bilkøyring.
  • Krav om næring i første etasje i heile sentrumsområdet. (Dette fører til mange tome lokale)
  • Kjøpesenter med stengte fasadar. (Det motsette av trivelege butikkvindauge)

Skjermbilde - Klikk for stort bilete

 

Nærbø sentrum i framtida

undergang - Klikk for stort bilete
 

  • Sentrumsområdet skal bli grønare og henga godt saman.
  • Nærbøgata og sentrum blir betre knytta saman ved hjelp av torg, møteplassar og ein triveligare jernbaneundergang.
  • Publikumsretta funksjonar skal samlast i sentrum for å trekka folk og skapa liv.
  • Du skal kunna gå i eit attraktivt, trygt og triveleg miljø frå den eine enden av Nærbø til den andre. I tillegg skal det vera klare ruter frå togstasjonen og ut til for eksempel Jærmuseet, Pyttaskogen, Loen, skulane og bustadområde i sør.
  • Alle bygg i sentrum må ha ein publikumsretta funksjon i første etasje. (Det skal ikkje vera bustad eller parkeringsanlegg)
  • Fleire møteplassar og trivelege uterom.
  • Fasadane i første etasje skal opnast opp, for å skapa aktivitet.
  • Sykkelparkering og betre trasear skal gjera det lettare å gå og sykla til sentrum, og å velga kollektivtransport.
  • Det skal bli meir folk og mindre bilar i sentrum ved å stenga delar av Jadarbegen og Lyngvegen. Torget skal tilpassast mjuke trafikantar.
  • Parkeringsplassane skal samlast i utkanten av sentrumskjerna, i nærleiken av Bernervegen og Ringvegen.
     

sonekart - Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter?