Barnehagebruksplan

Barnehagebruksplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument for utbygging i høve til framtidige behov, samt rehabilitering og utvikling av bygningsmassen til ei moderne og fleksibel barnehagedrift.

15. desember 2016 vedtok kommunestyret Barnehagebruksplan 2017-2020. 

Planen er forankra i både nasjonale og lokale føringar. Folkeveksten i 2015 var litt svakare enn Kommuneplanen sine prognosar. Det gjaldt og for veksten i talet på barn i barnehagealder. Framtidige behov for barnehageplassar vil vera avhengig av utviklinga i barnetal, kommunen sitt utbyggingsmønster og utviklingstakten. Endringar i bruken av kontantstøtteordninga spelar og inn, og om brukarane opplever endringar i rammevillkåra for barnehagedrifta. Fleire av kommunen sine tidlegare vedtak om å byggje nye barnehagar har følgjeleg fått endra føresetnadar.

Barnehagebruksplanen gjer greie for antatt behov for barnehageplassar i perioden 2017-2020 og forslag til prioriterte tiltak for å møte dette behovet. Framskrivingane av behovet for nye barnehageplassar viser at det samla sett er nok kapasitet i kommunen i dag. Ser me på behovet for kvar krets, er det – både for høg og låg vekstframskriving. Det er framleis behov for å auka kapasiteten med nye barnehageplassar på Vigrestad/Stokkalandsmarka/Brusand. Bygging av ny barnehage på Vigrestad er i gang. Det vart i tillegg vedtatt i KS, desember 2016 å bygge ny seks avdelings barnehage  på Brusand. På Nærbø og Varhaug er det god kapasitet.

Barnehagebruksplanen vil bli revidert anna kvart år og vil bli lagt fram saman med rådmannen sitt økonomiplanforslag. Som ein del av revisjonsarbeidet vart det lagt fram ei tilstandsvurdering av barnehagebygga, samt eit overordna idégrunnlag for kvalitet og funksjon i barnehagane. Ei drøfting av kvaliteten og den gode barnehagen i samspelet mellom pedagogisk arbeid og barnehagen sitt fysiske miljø, blir nærare omtala i Kvalitetsplan for barnehagen i Hå, som blei vedtatt i KS, våren -16.

Sist endra 08.02.2017
Fann du det du leita etter?