Ny kommuneplan

Hå kommune har byrja arbeidet med ny kommuneplan. No kan du vera med og påverka korleis Hå-samfunnet skal verta i framtida. FNs berekraftsmål - Klikk for stort bilete Anne Lise Norheim   

Kommunestyret vedtok den 10. desember 2020 å legga forslag til planprogram for ny kommuneplan 2021 - 2036 ut på høyring og offentleg ettersyn. Eit planprogram er ei oppskrift for korleis arbeidet med kommuneplanen skal gjerast.

Les utkastet til planprogram

Skjermutgåve

Utskriftsutgåve

Send innspel innan 7. februar 2021

Innspel til planarbeidet sender du til kommuneplan@ha.kommune.no eller via skjemaet under.

Send innspel her

Det er òg mogleg å senda innspela til: Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.

Merk innspela med «Kommuneplan».

Har du spørsmål?

Har du spørsmål til kommuneplanarbeidet kan du kontakta Hå kommune på telefon 51 79 30 00.