Hå kommune har god økonomistyring med eit overskot på 32,3 millionar kroner i 2019. Netto driftsresultat er 3,1 % av driftsinntektene og målet som er satt i kommuneplanen på 1,5 % er nådd også i 2019.
Høgare skatteinngang
Resultatet er betre enn regulert budsjett på grunn av høgare skatteinngang i Hå og god budsjettstyring i tenesteområda.
Folketalet auka med 177 personar i 2019 til 18 991 innbyggarar ved utgangen av 2019. Dette er ein auke på 0,9 %. Fødselstalet har tatt seg litt opp.
Sjukefråværet var 5,7 %, eit heilt prosentpoeng lågare enn i 2018.
Flaumsikring og sjukeheim
Investeringane var 216 millionar kroner. Det største enkeltprosjektet i 2019 var bygginga av 2 nye etasjar på Hå sjukeheim tilsaman 43 millionar kroner i 2019. Om lag 50 % av investeringane var innanfor tenesteområdet for tekniske saker og næring. Det går mest til flaumsikring og sanering.
Om lag en tredel av investeringane er finansert ved lån i 2019, resten kjem frå tilskott, momsrefusjon og bruk av tidlegare avsette midlar
Overskotet blei lagt til eit eige disposisjonsfond.