Skal du bygga, riva eller endra?

Slik søker du
Slik søker du

1. Sjekk planar og reglar
Før du startar eit byggearbeid må du sjekka kva planar og reglar som gjeld for eigedommen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygga.

Om tiltaket ikkje er i henhald til planar og reglar, må du leggje ved ein søknad om dispensasjon frå arealbestemmelsane.

2. Situasjonsplan 
Eit situasjonsplan er eit kartutsnitt av eigedomen der du teiknar inn tiltaket du ska søka om.
Bestill kartutsnitt her.

3. Teikningar
I byggesøknaden skal det vedlegges målsatte teikningar av det du ønsker å byggja.

I utgangspunktet eit sett med fasade-, plan- og snitteikningar, helst i målestokk 1:100.

4. Bestill naboliste
Skal du gjera noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen, må du varsla naboane dine først. 
Bestill ei liste over naboane dine her.

5. Fyll ut nabovarsel

Nabovarsel for privatpersonar (PDF, 154 kB)

Velg passande leveringsmåte:
A: Kvittering for nabovarsel- levert personleg (PDF, 60 kB)
B: Kvittering for nabovarsel- sendt på e-post eller sms (PDF, 54 kB)
C: Kvittering for nabovarsel-sendt rekommandert (PDF, 61 kB)

6. Fyll ut søknaden.
Privatpersonar kan bruka eit av desse to skjemaa.
- Byggesøknad for deg som ønsker å bygga eller riva. (PDF, 141 kB)
- Søknad om bruksendring. (PDF, 163 kB)

Hugs å fylla ut alle felt og legg ved all relevant informasjon, slik som situasjonsplan, teikningar og kvitteringar for nabovarsel og eventuelt dispensasjonssøknad.

Andre søknadsskjema og byggesaksblankettar finn du på dibk.no

Fører tiltaket til endring av eksisterande sanitæranlegg eller nytt abonnement på offentleg vatn og avløp, må du få røyrleggjaren til å fylla ut dette skjemaet her:

 
Fyll ut skjemaet og legg det med søknaden.

7. Lever søknad
Du kan senda søknaden til kommunen på teknisk@ha.kommune.no.
Dokumentene legges ved e-posten som separate PDF-filer.

Du kan også innsende søknaden via posten eller levera direkte til servicetorget.

 

Når får du svar på søknaden?

  • Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker.
  • Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.

 

Opningstider

Byggesakskontoret er ope måndag til fredag 12.30-15.00.

Klikk her for å bestilla møte

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51 79 30 00

Kartpunkt